Lokale Høgre-profilar vil forlengje avgiftskutta på drivstoff

av | 4. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Fleire lokal- og fylkespolitikarar i Høgre ber partiet snu og sikre ei vidareføring av avgiftskutta på bensin og diesel når dei går ut 1. september.

Bodø-ordførar Odd Emil Ingebrigtsen meiner at Høgre må gå saman med Frp og Sp på ny, skriv Nationen.

– Eg håpar at det same vinnarlaget held fram, og at vi får til ein liknande konstellasjon i denne saka, når prisane har vorte så høge som dei er, seier Ingebrigtsen.

Avisa har vore i kontakt med elleve av Høgres femten fylkesleiarar. Nordland-leiar Lena Breivik støttar Ingebrigtsen og meiner partiet bør stille seg bak eit nytt kutt.

Også fylkesleiar Monica Molvær i Møre og Romsdal meiner det vil vere naturleg å vurdere ei forlenging dersom situasjonen tilseier det. Fylkesleiar Hanne Alstrup Velure i Innlandet går langt i å spå at kutta blir vidareførte, og ho viser til at føresetnadene i liten grad har endra seg sidan i vår.

Meir avventande er fylkesleiar Anne Marie Lund i Rogaland. Ho ventar at regjeringa legg fram ei ansvarleg løysing etter å ha hatt eit halvt år på å førebu seg, men legg til at Høgre må gjere det dersom regjeringa ikkje gjer noko.

Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide sa i april til NRK at ho ikkje ville forlengje avgiftskutta på diesel og bensin til hausten – og ho vil heller ha lågare skattar.

(©NPK)