Zelenskyj ønskjer meir press på Russland – håpar på fred til hausten

av | 3. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Presidenten i Ukraina trur hardt press kan tvinge Russland til å inngå fred til hausten. Samtidig ber han ambassadørane i landet førebu seg på endå ein krigsvinter.

Dronar med lang rekkevidd, internasjonale sanksjonar og diplomatisk press må verke saman for å «ikkje gi Russland noko anna alternativ enn fred», fastslår president Volodymyr Zelenskyj.

– Vi vil jobbe svært hardt for at det skal skje denne hausten, sa han på eit møte med ukrainske ambassadørar i Kyiv måndag.

Samtidig gav han diplomatane i landet eit klart oppdrag: Skaffe våpen og teknisk støtte frå utanlandske partnarar.

Zelenskyj skulda samtidig Russlands president Vladimir Putin for å trenere fredsforhandlingar og førebu ny mobilisering.

– Etter nesten fire og eit halvt år med storstilt invasjon er det ingen teikn til at Kreml er villig til å gi opp krigsmåla sine.

Mange ekspertar har spådd ei ny mobiliseringsbølgje i Russland etter parlamentsvalet i midten av september.

I slutten av juni varsla Zelenskyj ein 40-dagars fase med operasjonar for å presse Russland mot fred. Sidan har Ukraina fleire gonger angripe anlegg tilhøyrande Wildberries, Russlands største nettbutikk. Perioden går etter planen ut tysdag.

(©NPK)