Rundt 60.000 blir evakuerte frå skogbranntrua by i Washington

av | 3. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AP-Reuters): Rundt 60.000 innbyggjarar har fått ordre om evakuering frå skogbranntrua delar av Washingtons nest største by, Spokane.

Brannvesenet i byen kjempar mot tre separate brannar, som alle truar delar av Spokane.

Søndag hadde brannane svidd av rundt 21 kvadratkilometer. Brannmannskapa har enno ikkje kontroll, opplyser sjefen i brannvesenet, Tom Williams, til Reuters.

Det er ikkje meldt om verken døde eller skadde, men tidlegare søndag uttalte styresmaktene at rundt 600 bygningar, blant dei både bustader og næringslivslokale, var gått tapt. I tillegg var rundt 10.000 straumabonnentar utan elektrisitet.

Spokane-ordførar Lisa Brown skildra brannane som den største naturkatastrofen som har ramma regionen.

Det brenn i terreng også andre stader i USAs nordvestlege delstat – til saman 1012 kvadratkilometer er ramma av brannar, ifølgje delstatsstyresmaktene.

Washingtons guvernør Bob Ferguson har snakka med president Donald Trump og bede om bistand. Guvernøren har også erklært nødsituasjon i delstaten.

I nabodelstatar som Oregon og Idaho står også store område i brann.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar