SSB: Ny juni-rekord for hotellovernattingar

av | 31. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Det var over 2,9 millionar hotellovernattingar i juni i år. Det er det høgaste talet registrerte hotellovernattingar i juni nokon gong, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Det er aldri målt fleire hotellovernattingar for juni månad enn i 2026. Dette er ein auke på 0,3 prosent frå førre junirekord, som var i 2025, seier rådgivar Endre Brunner Furu i SSB.

Ein auke i utanlandske hotellovernattingar vog opp for ein liten nedgang i norske hotellovernattingar.

– Sjølv om mange nordmenn har fått strammare privatøkonomi, ser det ut som at nordmenn framleis vel å feriere i eige land, seier Furu.

Dei fleste hotellovernattingane er i Oslo, med 571.000 overnattingar og Vestland med 515.000.

I juni stod utanlandske gjester for 36 prosent av hotellovernattingane. Fleste europeiske overnattingar var frå Tyskland med 116.000 overnattingar – som er ein nedgang på 8,2 prosent frå i fjor. Deretter følgjer Sverige og Storbritannia.

Talet på overnattingar frå Asia har gått ned med 17 prosent. Overnattingar frå gjester frå Japan, Sør-Korea og Kina har gått ned med høvesvis 35, 26 og 7 prosent.

– Nokre hotell har rapportert om nedgang i overnattingar fordi gjester frå Asia har kansellert reiser på grunn av uro i Midtausten, seier Furu.

(©NPK)