(NTB-NPK): Helikopter har vorte sett inn for å sløkkje skogbrannar fleire stader i Sverige. Brannane har også fått konsekvensar for trafikken.
Mellom anna måtte trafikken på E4 bli stengt i ein halvtime mellom Axmartavlen og Tönnebro torsdag ettermiddag, ifølgje SVT.
– Området var 70 gonger 30 meter, opplyser brannvesenet.
Trafikken vart omdirigert, men går no som normalt.
Vidare er to helikopter sette inn i sløkkingsarbeidet av ein brann i Ramnäs.
Også eit par andre stader i Sverige har det brunne torsdag, men desse brannane er under kontroll.
(©NPK)




0 kommentarer