Farevarsel om mykje lyn på Austlandet og i Agder

av | 30. juli 2026 | 0 kommentarer

(Maria Möhring-NTB-NPK): Det er fare for torevêr med mykje lyn på Austlandet og i Agder fram til midnatt i kveld, melder Meteorologisk institutt.

Gult farevarsel er varsla av instituttet torsdag. I Agder vil faren for lyn minke i løpet av kvelden, skriv meteorologane. For resten av Austlandet vil faren halde fram til natt til laurdag.

– Akkurat no kan dei som bur i Telemark oppleve lynet, men utover dagen vil det nærme seg Oslo og til Midt-Noreg, der det vil bli aller verst, fortel vakthavande meteorolog Marit Berger til VG.

Lynvarselet gjeld for mange av dei same områda som har stor skogbrannfare. Eit eventuelt lynnedslag kan lett få tørr vegetasjon til å ta fyr, skriv meteorologane.

Det er forhøgd skogbrannfare på heile Austlandet. Verst er det i delar av Agder og i Telemark, der oransje farevarsel gjeld.

– Det er ikkje så gunstig at det skal lyne mykje i desse områda med oransje farevarsel, men heldigvis skal det regne litt, så det set ned skogbrannfaren litt, seier Berger.

Meteorologane ber folk unngå utandørsaktivitet i utsette område, som på fjellet, i vatn og på opne plassar og sletter. Ein bør søkje ly ved torevêr, men ikkje under tre og andre høge gjenstandar, opplyser dei.

(©NPK)