Brannane i vindistrikta Pyrénées-Orientales og Bordeaux i Frankrike og i Andalucía og Rioja i Spania vil påverke avlingane i år, meiner Elisabeth Due i Sprit og vinleverandørforeininga i Sverige.
Innhaustinga blir svekt, mellom anna gjennom brann eller røyk som legg seg mellom vinrankene og påverkar både jordsmonn og druer.
– Det er ofte dei gamle vinstokkane som gir dei beste vinane, men ein 30-40 år gammal ranke kan brenne ned på minutt og er uerstatteleg, seier Due.
Viss brannane krev nyplanting, går det fort fem år før stokkane ber frukt.
Effekten av brannane vil truleg bli forskoven og treffe marknaden først om eit par år, kanskje som lågare tilgang og høgare pris.
Den vinen som blir drukken i dag, er gjerne nokre år gammal.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103974](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/vOcZ3YAWJE4.jpg)



0 kommentarer