Tekniske problem hos politiet – færre oppdateringar i politiloggen

av | 27. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Politiet har måndag kveld hatt problem med å oppdatere politiloggen. Fleire store nettstader har også hatt problem, men har komme seg opp igjen.

– Politiloggen er ustabil, så vi slit tidvis med å få lagt ut informasjon. Oppdaterer så fort og godt vi kan, skreiv oppdragsleiar Kent Bele i Aust politidistrikt i ei oppdatering til pressa klokka 16.41 måndag.

Då NTB ringde operasjonssentralen i politidistriktet i 19-tida, hadde problema halde fram.

– Akkurat no er han oppe og går. For kort tid sidan vart det meldt at han var nede. Så det er litt svingande problem, seier operasjonsleiaren.

Han seier det fører til litt færre oppdateringar i politiloggen.

– Men det har vore ein roleg kveld i distriktet.

Også Oslo politidistrikt opplyser til NTB at dei har hatt problem med politiloggen måndag. Det same melder Trøndelag politidistrikt.

NRK sleit teknisk

Fleire store nettsider har hatt problem måndag kveld.

NRK melde i 18-tida at fleire av systema deira var nede, noko som førte til at framsida på NRK.no ikkje kunne bli oppdatert og at pushvarsel ikkje kunne bli sendt ut.

Litt seinare melde dei at fleire av problema skulle vere løyste.

Fleire ramma

Det har også vorte meldt om problem hos Vipps, BankID og Telenor måndag. Vipps stadfesta til NRK at systema deira var nede frå klokka 15.55 til 16.20.

Også BankID seier dei hadde problem, men at det raskt vart ordna. I tillegg stadfestar Telenor overfor kanalen at dei hadde tekniske problem.

Andre store nettstader som Sparebanken Norge og Xbox og andre Microsoft-tenester hadde også tekniske problem. Xbox-brukarar over heile verda sleit med å logge inn, få tilgang til spelbiblioteket og å starte spel, skriv NRK.

(©NPK)