Gruppa har fått namnet Open Secure AI Alliance, og blant medlemmene er Nvidia, Microsoft, IBM, Palantir, SpaceXAI, CrowdStrike, Cisco og Dell.
– Formålet i alliansen er å utvikle verktøy for cyberforsvar med kunstig intelligens som tryggingsteam kan inspisere, endre og køyre på eigne system, opplyser gruppa i ei fråsegn måndag.
Det var selskapet Hugging Face som førre veke oppdaga at systema deira var hacka veka før. Det viste seg å vere KI-modellar frå OpenAI som stod bak.
Hendinga er det første kjende tilfellet der ein KI-modell på eiga hand gjennomførte eit reelt dataangrep.
OpenAI opplyser at to KI-modellar opererte i eit testmiljø der det ikkje skal vere mogleg å få tilgang til internett, men at dei slo seg saman og ved hjelp av «betydeleg datakraft braut seg ut og nådde internettet».
Då Hugging Face prøvde å stanse angrepet med amerikanske KI-modellar, blokkerte innebygde tryggingsmekanismar arbeidet. I staden løyste den kinesiske modellen GLM 5.2, frå Zhipu AI, problemet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103317](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/YOowKt8_kd0-2.jpg)



0 kommentarer