(NTB-NPK): Ei rekkje store nettstader som Vipps, BankID og Telenor opplever tekniske problem måndag ettermiddag.
Litt over klokka 16 hadde rundt 200 brukarar meldt inn problem med Vipps, viser oversikta på Downdetector.com.
Både Vipps og BankID melder likevel sjølv at alle tenestene fungerer som normalt.
Andre store nettstader som Sparebanken Norge og Xbox og andre Microsoft-tenester har også tekniske problem. Microsoft opplyser at dei jobbar med å løyse problema, skriv NRK.
Ifølgje NRK er også fleire av systema deira nede.
Aust politidistrikt skriv at det er problem med politiloggen.
– Politiloggen er ustabil, så vi slit tidvis med å få lagt ut informasjon. Vi oppdaterer så fort og godt vi kan, skriv oppdragsleiar Kent Bele.
Årsaka til problema er ikkje kjend.
(©NPK)


0 kommentarer