Kvinne funnen død på Voss – undersøkjer fleire hypotesar

av | 27. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Ei kvinne i 40-åra vart funnen død i Vangsvatnet på Voss søndag ettermiddag.

Dei pårørande er varsla, melder politiet.

Politiadvokat Inge-Lise Høyland opplyser til TV 2 at politiet jobbar ut frå ulike hypotesar.

– Vi gjer fleire undersøkingar for å finne ut kva som har skjedd og kartleggje rørslene hennar. Vi kan ikkje utelukke at noko straffbart har skjedd, på same måte som dødsfallet kan vere eit resultat av sjukdom, seier Høyland måndag.

Politiet har verken gjort pågripingar eller har nokon mistenkte i saka.

Kvinna skal obduserast.

Kvinna vart funnen av ein forbipasserande klokka 16.32 søndag ettermiddag.

– Kva som har skjedd og kvifor vedkommande har hamna i vatnet, har vi inga oppfatning om, sa operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt til BA søndag kveld.

(©NPK)