Valkampen tetnar til i Sverige

av | 4. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Ei partimåling denne veka har slått ned som ei bombe i den svenske valkampen, med knappe halvanna veke igjen til mål.

Socialdemokraterna er heilt nede på 25,8 prosent – og utsikter til det verste valresultatet for partiet sidan 1908. Moglegheiter for Liberalerna til å berga seg over sperregrensa. Og ikkje minst – ei moglegheit for at den borgarlege regjeringa kan berga fleirtal i Riksdagen 13. september.

Ekstremt uvanleg

Det var høgdepunkta i Novus’ meiningsmåling for TV4, som vart publisert onsdag. Den vekte liv i ei frykt for å ha teke sigeren på forskot som mange i Socialdemokraterna har hatt i mange månader. Samanlikna med førre Novus-måling har partiet falle med heile 4,3 prosentpoeng.

– Det er ekstremt uvanleg at eit parti i det heile aukar eller minkar så mykje i ei enkelt måling, seier professor emeritus i statsvitskap Jonas Hinnfors til nyheitsbyrået TT.

– Ikkje avgjort

Novus-målinga er den verste for partiet, men det er ikkje den einaste målinga der Socialdemokraterna brått duppar nedover denne veka. Partiet har stort sett lege trygt over 30 prosent i mange månader, men fell no under hos både Novus, Demoskop og Kantar-Sifo, viser oversikta til Pollofpolls.se.

– Det viser at valet ikkje er avgjort. Vil ein ha meg som statsminister, må ein røysta på Socialdemokraterna, og alternativet er ei regjering der Sverigedemokraterna tek kontroll over regjeringsmakta og statsapparatet, seier Socialdemokraterna-leiar Magdalena Andersson.

(©NPK)