(NPK-NTB): Ulvejakta i Stor-Elvdal, Rendalen og Ringebu blir teken opp att, etter at ho vart stansa av Statsforvaltaren onsdag.
Årsaka var at Statsforvaltaren ønskte å få svar på ei genprøve av ulven.
Fredag er prøva analysert, og det viser seg ikkje å vere ein genetisk viktig ulv. Derfor har Statsforvaltaren vedteke å ta opp att jakta, opplyser seniorrådgivar Ståle Sørensen hos Statsforvaltaren til NRK.
For å bli rekna som genetisk viktig må ulven vere innvandra frå den finsk-russiske bestanden og bere på nye gen utan innavl. Slike ulvar blir rekna som verdifulle for å styrkje den skandinaviske ulvestammen, skriv Austlendingen.
Det er funne eit lam som er teke av ulven, men så langt er det ikkje dokumentert fleire skadar som kan knytast til henne.
Fellingsløyvet gjeld til 10. august.
(©NPK)



0 kommentarer