Klubben inviterte til ein «siste rotur» for å heidre mannen som revolusjonerte idretten i Noreg.
Før roinga var det eitt minutts applaus frå dei frammøtte til minne om Tufte. Det var litt over 20 båtar på vatnet, med to til åtte roarar i kvar båt.
– Det er veldig hyggeleg at så mange har møtt opp. Det er ei veldig tung tid for mange, og eg set veldig pris på at vi kan møtast her og snakke saman og støtte kvarandre, sa Espen Thorsen til NTB. Han er leiar i Horten roklubb.
– Olaf betydde kjempemykje for roarane han støtta og følgde opp. Han var viktig for roklubben, og han gav heile byen auka sjølvtillit samtidig som han var ein av oss. Han var aldri høg på pæra, alltid veldig sosial og oppteken av menneske. Og så betydde han jo mykje for norsk rosport og norsk idrett.
Tufte døydde tidlegare i veka av akutt hjartestans. Ro-legenda vart funnen medvitslaus på garden sin i Nykirke og vart frakta til sjukehus, men livet stod ikkje til å redde.
Overvelda
Tuftes tidlegare trenar Bjørn-Inge Pettersen beskriv dødsbodskapen som uverkeleg og eit frykteleg sjokk. Han sette pris på markeringa torsdag.
– Eg er overvelda og stolt over at klubben har fått til dette, og at så mange møter opp for å heidre Olaf på kort varsel, sa Pettersen til NTB.
– Olaf var eit samlingspunkt. Han var klar på at ein måtte gjere sånn og sånn for å oppnå noko, men han var veldig tilgjengeleg og gav mykje av seg sjølv. Eg har mange gode minne om han.
Folkekjær idrettshelt
Tufte var ein av Noregs mest folkekjære idrettsheltar. Han var den første nordmannen som vann internasjonale titlar i singlesculler. Han vann VM-gull i 2001 og 2003, OL-gull i 2004 og 2008.
Han deltok i alle sommar-OL frå Atlanta i 1996 til Tokyo i 2021, altså ein periode på 25 år. Han var den første nordmannen med deltaking i sju olympiske leikar.
– Vi har mista ein bauta, ein støttespelar, ein mann med utruleg mange gode innspel og med kraftig gjennomføringsevne, sa Espen Thorsen til NTB.
Tufte vart 50 år gammal og etterlét seg kona Aina og dei to barna deira.
Gravferda finn stad frå Horten kyrkje fredag 31. juli.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #102352](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/frLGllpFNl0.jpg)



0 kommentarer