Trøbbel for BankIDs signeringsteneste – nede på andre dagen

av | 4. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Signeringstenesta til BankID har tekniske problem. Problemet har vart i to dagar og skaper store utfordringar for næringslivet.

– Det blir jobba dag og natt for å få dette opp igjen. Me må få det opp så snart som mogleg, seier kommunikasjonssjef Hege Steinsland i Stø til VG.

Ho legg til at dette er den lengste forstyrringa dei har hatt på tenesta.

Situasjonen rammar mellom anna eigedomsmeklarar, som verken får gjennomført transaksjonar eller signert dokument.

Partnar Terje Tinholt i Tinholt Eiendomsmegling opplyser at dei har 50–60 transaksjonar dei ikkje får gjennomført.

– Folk ventar på enorme summar, men får dei ikkje. Alt me held på med går elektronisk. Dette er heilt krise, seier han til VG.

(©NPK)