Samtidig som seremonien i Oslo domkyrkje startar, skal heile landet markera gravferdsdagen med eitt minutts stille, frå klokka 13 til 13.01.
Dette skal også skje i kollektivtransporten, der køyretøya køyrer til næraste haldeplass og står stille i eitt minutt, opplyser Ruter, kollektivselskapet som dekkjer hovudstadsområdet.
Vy planlegg det same over heile landet.
– Me er i planleggingsfasen, men også me ønskjer å markera dette, seier kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby til NTB.
For toga sin del er det praktiske omsyn å ta.
– Me kan til dømes ikkje la dei bli ståande inni ein tunnel. Derfor køyrer dei til næraste stasjon, men det skal vera i størst mogleg grad rundt klokka 13, seier han.
– Når toga stansar, blir det lese opp ein bodskap om vår kjære kong Harald, seier Lundeby.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116216 9gepl2wfvtg](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/9GepL2wFVtg.jpg)



0 kommentarer