Stadig færre sauebønder brukar skogbeite, skriv Nationen. Norsk sau og geit (NSG) peikar på fleire årsaker til nedgangen, mellom anna rovdyr, krevjande tilsyn på store areal, konkurrerande bruk av områda og korleis landbruket blir støtta og forvalta.
Rovdyravvisande gjerde er kostbare og krev mykje vedlikehald. Rovdyrangrep inneber også ei stor psykisk og økonomisk belastning for bøndene.
– Rovdyrtrykket blir beskrive av mange som den største uvissa i drifta. Det påverkar både korleis beita blir brukte og kva system bøndene nyttar, og kan i verste fall føre til at nokon gir opp sauehaldet, heiter det i ei pressemelding frå NSG.
Denne sommaren skal ein genetisk viktig ulv ha skadd opptil 80 beitedyr i Gausdal.
– Når generasjonsskiftet kjem, er det nok ikkje mange som vil halde fram med saueproduksjon, fordi dei opplever det som ei altfor stor psykisk belastning, seier leiar Svein Løken i Oppland Bonde- og Småbrukarlag.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116584 Uaqxyl8mu7y](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/uAqxyL8mU7Y.jpg)



0 kommentarer