Støre på Utøya: – Eg er forbanna over netthets

av | 31. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK- Selma Elise Ekre Leinebø/Iuliana Alexa): Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) rykte ut mot netthets då han talte til AUF på Utøya fredag. – No må vi tore å seie frå, seier han.

– Eg er forbanna over netthets, og det er nok no, seier Støre.

Over 1000 ungdom sat tett i tett på grasbakken og følgde Støres tale på årets Utøya-festival. Tyrifijorden ser ut til å vere blikande stille. I varmen ber leiarar rundt vatn til ungdommen som er til stades.

I talen sin var statsministeren innom fleire tema, som mellom anna moglegheiter for ny teknologi, nye arbeidsplassar og ein langsiktig, økonomisk berekraftig vekst.

Han påpeikar også at Ungata viser at mange unge menneske i Noreg har det bra, men viste til korleis sosiale medium og digitale plattformer prega kvardagen.

– Frå 2015 fell resultata våre på lesing, rekning, skriving, seier han og legg til:

– Eg trur det kjem av at vi har meir smarttelefonar, meir tilgang til nett, meir tap av fokus og konsentrasjon, meir hurtige sveip som påverkar hjernen, konsentrasjonen og læringa, sa Støre.

(©NPK)