Støre forsvarar landesorg: – Det toler demokratiet vårt

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Statsminister Jonas Gahr Støre forsvarer landesorg og borgfred for det politiske Noreg.

– Vel ei vekes pause frå skarpe debattar – det toler demokratiet vårt. Og det kjem nokre andre kvalitetar fram, som vi skal verdsetje, og som vi sikkert vil setje ord på seinare – som at vi samlar oss om eit minne, og ved talen til kongen, om kva det betyr å seie «Alt for Noreg», seier statsminister Jonas Gahr Støre til Dagens Næringsliv.

Då kong Harald gjekk bort fredag, erklærte Arbeidarparti-regjeringa at det skulle vere landesorg i Noreg fram til gravferda 9. september.

– Britane sende ut i samband med dronning Elizabeths død retningslinjer for korleis vise sorg. Dei har vi henta inspirasjon frå. Det er det næraste samanliknbare vi kunne bruke på dagen som kunne komme og som kom førre veke, seier Støre.

Den formelle avgjerda om landesorg vart teken i regjering etter at kongen hadde gått bort.

– Eg kan ikkje gi nokon dato på kor lenge det har lege i planverket, men eg har vore involvert i planverket og har gitt grønt lys til det, seier Støre og held fram.

(©NPK)