(NPK-NTB): Den russiske ambassadøren til Noreg, Nikolaj Kortsjunov, ser svært negativt på at norske flyplassar blir stilte til disposisjon for britiske rekognoseringsflygingar. Han åtvarar om at norsk tryggleik står på spel.
– Vi meiner at Noregs gradvise fråvik frå eigne retningslinjer for utanlandsk militær aktivitet på norsk territorium undergrev suvereniteten til landet og, i strid med forsikringane til politikarane, vil ha ein negativ innverknad på tryggleiken i landet, seier Kortsjunov i ein kommentar til det russiske statseigde nyheitsbyrået RIA Novosti, referert på X.
For første gong sidan 1950-talet har det gått føre seg etterretningsflytokt til Kolahalvøya frå norske basar. To gonger førre veke braut britiske fly ein langvarig norsk praksis, skreiv Aftenposten førre veke.
Eit britisk RC-135W-etterretningsfly tok av frå Ørlandet flystasjon, flaug oppover norskekysten og svinga rundt Finnmark før det sirkla rundt i internasjonalt luftrom utanfor Kolahalvøya, ifølgje Aftenposten.
Noreg har sidan 1950-talet forbode Nato-fly å bevege seg aust for Hammerfest eller operere frå norske flybasar under tokt mot dei strategisk viktige havområda nord for Kola og vest for Novaja Semlja. Dette kjem av at Russland alltid har plassert noko av sitt tyngste arsenal i området, og Noreg har prøvd å unngå provokasjonar.
Kortsjunov seier at Russland betraktar flygingane som eit medvite forsøk på å trappe opp dei militære spenningane i nord.
(©NPK)




0 kommentarer