(NTB-DPA-NPK): Brannmannskap har fått kontroll på ein skogbrann på den greske øya Paros. Fleire lokalsamfunn er evakuerte, men innbyggjarane vil etter kvart få vende heim.
Det er ikkje meldt om skadde eller nedbrende hus.
– Situasjonen har betra seg betrakteleg, seier ein talsmann for brann- og redningstenesta.
Brannsløkkingsfly og helikopter tok opp att arbeidet onsdag morgon, og det er framleis sterk vind og fare for oppblussing.
Fleire tital brannmenn har vore utplasserte på øygruppa Kykladene sidan tysdag. Både Naxos og Sýros har bede om bistand.
Hellas har stort sett unngått hetebølgjene i år, men erfaringar frå dei førre åra med ekstrem varme og sterk vind har fått styresmaktene til å auke beredskapen.
Den statlege branntenesta disponerer i dag 85 fly og 18.000 personell som kan setjast inn på kort varsel.
(©NPK)



0 kommentarer