(NPK-NTB-Maria Möhring) Ein lærar i 40-åra ved ein ungdomsskule i Nordre Follo er allereie sikta for overgrep mot eit barn mellom 14 og 16 år. No utvidar politiet siktinga med seks nye tilfelle.
Dei nye siktingane gjeld to nye tilfelle av seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år, og dessutan fire tilfelle av seksuelt krenkjande åtferd overfor barn under 16 år.
Det skriv politiet i ei pressemelding torsdag.
Alle dei seks postane gjeld ulike fornærma som han har hatt ein relasjon til som lærar eller i kyrkja der mannen engasjerte seg som frivillig.
– Forholda som gjeld seksuell omgang med barn mellom 14 og 16, skal ha skjedd tilbake i tid. Forholda som gjeld seksuelt krenkjande åtferd, skal ha skjedd frå 2021, skriv politiet.
Den opphavlege siktinga gjeld eit forhold frå 2019, mot ei jente som då var mindreårig.
Mannen erkjenner ikkje straffskuld.
– Den kom uventa. Han vil halde fram med å samarbeide med politiet. Han skal i nye avhøyr, seier forsvararen hans Tone Monclair til Aftenposten.
Politiet ber om vidare varetektsfengsling i fire veker i fengslingsmøtet i Follo og Nordre Østfold tingrett fredag.
(©NPK)



0 kommentarer