Rekordmange parti i riksdagsvalet i Sverige i år

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Parti for alle smakar deltek i det svenske valet 13. september. Berre til Riksdagen er det registrert 165 parti.

Fredag gjekk fristen ut for å melda seg på dei mange vala i haust til riksdag, regionar og kommunar.

Svenske valstyresmakter opplyser at det i tillegg til dei 165 påmelde til riksdagsvalet, er 173 parti som kjempar om plassane i svenske regionar, og heile 380 parti som vil delta i kommunepolitikken.

Sidan valet i 2022 har interessa for politikk på alle nivå i svensk forvaltning stige mykje.

Blant partia er namn som 99 ballongar, Naturistpartiet, JESUS, Skogsfolket, Vond Kyckling Partiet, Tristdemokraterna og Quisling-partiet.

Parti som ikkje er registrerte, vil ikkje få delta i mandatfordelinga, opplyser valstyresmaktene.

(©NPK)