Til liks med tusenvis av nordmenn ønskte også regjeringa å ta farvel og visa respekt ved å gå sakte forbi kong Haralds båre.
I tur og orden gjekk statsministeren og dei 19 statsrådane fram til kista, stoppa opp og bukka.
Defileringa fann stad etter at kong Haakon hadde leidd sitt første ordinære statsråd på Slottet. Kronprinsesse Ingrid Alexandra var også til stades, opplyser Kongehuset.
Formelt og ledig
Kong Haakon har jamleg dei siste åra delteke i statsråd ved sida av kong Harald.
– Me merkar at kongen har det med seg frå far sin at han kombinerer det veldig formelle med ein ledig tone. Det var ein fin augneblink, seier Støre til NRK.
No har også kronprinsesse Ingrid Alexandra avlagt eid til Stortinget, vart regjeringa informert om i statsråd. Det har ho gjort i brevs form.
– Så viss kongen er forhindra, kan kronprinsessa halda statsråd, seier Støre.
Vil minnast augneblinken framfor kista
Etter at statsrådet var over, gjekk regjeringsmedlemmene til Slottskapellet for å defilera. Der fekk dei teke eit siste farvel før gravferdsdagen.
– Det er det eine augneblinken du står åleine framfor kista og kan tenkja: No tek eg farvel. Det var ei verdig og god oppleving, seier Støre.
Statsministeren gjekk først, følgt av helseminister Jan Christian Vestre, som også er nestleiar i Arbeidarpartiet og derfor nummer to i regjeringa. Deretter følgde finansminister Jens Stoltenberg og resten av statsrådane.
Støre tek med seg minne frå Slottskapellet som vakkert pynta og heilt stille.
– Det er noko du ikkje møter nokon stad, stilla. Sånn bør det vera. Denne høgtidelege augneblinken, når du står der heilt åleine og du kan bukka til båra, seier han.
Ved Slottet held dei lange køane fram, og kapellet held ope åtte timar dagleg for publikum fram til tysdag, dagen før gravferda.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116696 7kfdxap8 mm](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/7KfDxAp8-mM.jpg)



0 kommentarer