Presidenten i Iran møtte Xi og Putin på toppmøte

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

Presidenten i Iran takka Vladimir Putin for støtta då dei to møttest på eit toppmøte i Kirgisistan tysdag. Tidlegare på dagen møtte han òg Kinas president Xi Jinping.

Det to dagar lange toppmøtet blir arrangert av Shanghai-samarbeidsorganisasjonen (SCO), som har som mål å vere ei motvekt til USA og andre vestlege land si innflyting i verda.

– Vi kan stå imot USA sin unilateralisme, sa president Masoud Pezeshkian under møtet med den russiske kollegaen sin. Unilateralisme betyr å handle på eiga hand, utan andre land si godkjenning.

Pezeshkian takka også Putin for haldninga hans til dei amerikanske sanksjonane mot Iran og til krigen, som USA og Israel starta i slutten av februar.

– USA har ingen rett til å setje i verk sanksjonar og til å bryte folkeretten, sa Pezeshkian.

SCO vart danna som eit tryggingsforum av Kina, Russland og fire sentralasiatiske land i 2001. Etter kvart har organisasjonen vorte utvida med Iran, Pakistan, India og Belarus. Innflytinga er aukande, men SCO sitt mål og program er framleis uklare.

(©NPK)