Politiet har lagt bort saka etter terrengbrann i Ålesund

av | 8. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Politiet kjem ikkje vidare i etterforskinga av terrengbrannen i Ålesund i mars, og legg bort saka.

– Etter ei samla vurdering blir saka no bortlagd på grunn av ukjend gjerningsperson. At vi legg bort saka inneber ikkje at saka er fullt ut avklart, men at det på noverande tidspunkt ikkje finst tilstrekkeleg grunnlag for å komme vidare i etterforskinga, seier politiadvokat Christine Skarbø Berglund i ei pressemelding.

Nye opplysningar kan dermed føre til at saka blir gjenoppteken.

Det var i mars at det braut ut ein terrengbrann på fjellet Sukkertoppen i Ålesund. Brannen bevega seg ei stund mot eit bustadfelt, og 300 bebuarar blei evakuerte i halvtanna døgn.

(©NPK)