– Ja, det er trygt. Velkommen til Oslo til ei historisk nasjonal storhending, seier Oslos politimeister Ida Melbo Øystese om å reise til Oslo og ta med barn under gravferda.
Ho seier planverket legg opp til å gi plass til både sorga i nasjonen samtidig som innbyggjarar får ta del i arrangementa.
– Samtidig som vi sjølvsagt skal ta vare på tryggleiken for dei frammøtte og for dei gjestene som kjem hit.
– Legg kniven heime
Tryggingsoppbodet i hovudstaden kjem til å vere massivt under gravferda. Heile sentrum blir stengt for bil- og elsparkesykkeltrafikk. Det blir tryggleikskontrollar og flyforbod.
– Eit godt råd om du har tenkt å ha på deg bunad den dagen – så la kniven bli igjen heime, seier Øystese.
Saman med PST og politidirektøren seier ho at politiet er godt førebudd på den kongelege gravferda.
– Det har førebels ikkje vore nokon uønskte hendingar så langt, seier ho.
Rundt 20.000 følgde båra til kongen frå Rikshospitalet til Slottet.
– Vi må setje i verk eit breitt spekter av tryggingstiltak, både dei som er synlege og mindre synlege, tryggingstiltak som er på bakken, i lufta og i cyberdomenet, seier politidirektør Håkon Skulstad.
Uendra trusselnivå
PST-sjef Beate Gangås seier at politiet ikkje ser vesentlege endringar i trusselnivået no.
– Vi følgjer heile tida med, både med våre eigne innhentingsmetodar, tips utanfrå og kanskje i aukande grad etter kvart som det er så stor merksemd rundt det, seier Gangås.
Ho seier PST følgjer opp informasjon om hets, hatefulle ytringar, truslar mot styresmaktspersonar og kongefamilien.
– Vi gjer alt vi kan for å motverke dei truslane som vi ser komme, seier Gangås.
Det kan bli justeringar heilt fram til i siste liten, opplyser politiet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116724 Vsed84ld2ze](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/VseD84ld2ZE.jpg)



0 kommentarer