– Det er av den grunn usikkert om etterforskinga kan gi eit sikkert svar på kva som førte til at redningsmannen omkom, skriv politiadvokat Rita Hermansen Dahl ved Nordland politidistrikt i ein e-post til Lofotposten.
Brask omkom 26. september i fjor då han dykka i eit forsøk på å redde ei elleve år gammal svensk jente. Jenta var om bord i ein turistfiskebåt saman med familien sin og ein lokal guide då båten kantra. Seks av dei sju om bord vart redda.
Elleveåringen vart funnen på cirka 25 meters djup to dagar seinare.
Sakkunnige har avdekt manglar ved planlegginga og gjennomføringa av dykkeoperasjonen, men det er ikkje påvist årsakssamanheng mellom desse og dødsfallet. Politiet avventar Sjøfartsdirektoratets tilbakemelding før dei avgjer om etterforskinga skal halde fram eller om saka er klar for påtalevedtak.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116844 Gshe68bxp5i](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/gShE68bXp5I.jpg)



0 kommentarer