Ny varetektsvurdering for Marius Borg Høiby

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Påtalemakta avgjer fredag om dei ønskjer vidare varetekt for Marius Borg Høiby. Forsvararane håpar på lauslating.

Høiby har sete i varetekt i over eit halvt år. Den siste perioden har han gjennomført varetekta med elektronisk kontroll, fotlenke, heime på Skaugum. Fredag kjem svaret på om politiet ønskjer å forlengje varetekta.

Forsvarar Ellen Holager Andenæs skriv i ein sms til NTB at dei ikkje ønskjer å kommentere moglege utfall før ei avgjerd ligg føre.

Om politiet ønskjer framleis varetekt, blir dette truleg tema i eit rettsmøte i Oslo tingrett på måndag, same dag som inneverande fengslingsperiode går ut.

— Eg håpar naturlegvis at varetekta ikkje blir forlengd. Så får vi sjå korleis politiet vurderer det og om vi er nøydde til å ta det i retten denne gongen òg, seier medforsvarar Petar Sekulic til NTB.

Etter at Høiby vart tiltalt og dømd for valdtekt, vald i nære relasjonar og andre lovbrot, har politiet grunngitt varetekta med fare for gjentaking, fare for bevisøydelegging eller kontakt med den fornærma.

(©NPK)