Ifølgje ikkje stadfesta meldingar kan det bli snakk om at varer frå Noreg får ein tilleggstoll på 12,5 prosent, melder E24.
Grunngivinga er at Noreg og andre land ikkje har innført forbod mot import av varer som er produserte med tvangsarbeid.
Ifølgje USAs handelskontor har EU innført eit regelverk som rammar amerikansk næringsliv, og er derfor omfatta av ein 10 prosent tilleggstoll.
Prøver å overtale USA
Tidlegare har utanriksminister Espen Barth Eide uttalt at han har prøvd å forklare overfor USAs handelsrepresentant Jamieson Greer at Noreg gjennom EØS-avtalen har same vilkår som EU.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik (Ap) i Utanriksdepartementet meiner også Noreg burde få same nivå som EU.
– Vi har det same forbodet på trappene som EU, basert på akkurat same tidslinje. Det er ingen grunn til å skilje mellom oss, sa Kravik til NRK onsdag.
Også NHO jobbar saman med regjeringa for å tilbakevise og imøtegå USAs påstandar om tvangsarbeid.
Utløpsdatoen går ut fredag
Den moglege nye tollsatsen erstattar den verdsomspennande tollen på 10 prosent som USAs president Donald Trump innførte 21. februar. Denne hadde ei verknadstid på 150 dagar, og fredag er perioden over.
Berre rundt 3,5 prosent av Noregs vareeksport går til USA.
Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i SpareBank 1 Markets meiner at ein ikkje skal overdrive konsekvensen av tollen.
– Det er berre éin av mange risikofaktorar. Valutakursen svingar til dømes typisk 10 prosent i løpet av eit år. Men dette er ein ekstra risikofaktor, og han er heilt unødvendig, seier han til DN.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #102336](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/QQawWiLVzfg-1.jpg)



0 kommentarer