Mogleg togstreik neste veke – slik vil han ramma

av | 28. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Frå onsdag neste veke kan 132 tilsette i jernbanen bli tekne ut i streik. Vy opplyser at toglinje RE10 mellom Drammen og Lillehammer vil bli hardt ramma.

– Dersom det blir streik, er det mange konduktørar og lokførarar frå Hamar og Lillehammer som vil streika. Det betyr at det vil gå få eller ingen tog mellom Eidsvoll og Lillehammer, skriv Vy i ei pressemelding.

Etter planen skal partane møtast til mekling hos Riksmeklaren førstkommande måndag og tysdag.

Blir dei ikkje samde, kan det bli streik frå onsdag morgon klokka 6.

Totalt er det meldt plassfråtreding for 132 medlemmer, og det er desse som kan takast ut i streik i første omgang dersom det blir brot.

– Dei andre medlemmene som er tekne ut i det første streikeuttaket, er stasjonerte på ulike stader på Austlandet. Det betyr at ein del togavgangar på andre linjer også vil bli innstilte. Det er for tidleg å seia kva andre tog og kva linjer som blir ramma, opplyser Vy.

Det er fagforeiningane Norsk Lokomotivførerforbund, Norsk jernbaneforbund og Delta, som skal mekla med Spekter, som representerer togselskapa.

– Vi går inn i meklinga med eit ønske om å semjast og unngå streik. Dersom det blir streik, vil dette streikeuttaket ramma kundane våre hardt, spesielt nord for Eidsvoll. Det ønskjer vi å unngå, seier konserndirektør Erik Røhne i Vy tog.

(©NPK)