(NPK-NTB-Reuters) Overlevande på ein migrantbåt som vart funnen drivande sør for Kanariøyane, fortel at over 80 menneske døydde i løpet av reisa.
Om bord på båten var det 44 overlevande, og dei fleste av dei kom i land på Gran Canaria torsdag morgon.
Eit av flya til den spanske sjøredningstenesta oppdaga båten onsdag, 120 kilometer frå Gran Canaria, skriv det spanske nyheitsbyrået Efe. Saman med dei overlevande vart det funne fem døde personar. Sjøredningstenesta seier dei måtte late etter seg dei døde i båten på grunn av vêrforholda.
Båten hadde drege frå Gambia i Vest-Afrika i starten av august, og Efe skriv at over 80 menneske mista livet under overfarten.
Nyheitsbyrået Reuters siterer ein hjelpeorganisasjon som opplyser at overlevande har fortalt at 83 menneske døydde. Blant dei skal det ha vore tre kvinner og ein baby.
Mange av dei overlevande var i dårleg forfatning då dei vart redda.
– Dei var som levande lik, som zombiar. Dei kollapsa og var ikkje i stand til å stå på beina, fortel ein av redningsarbeidarane til Efe.
(©NPK)



0 kommentarer