(NTB-NPK) Oslo MDGs nominasjonskomité innstiller leiaren sin Margit Martinsen Bye (24) som listetopp til kommunevalet i 2027.
Bye lanserte seg sjølv som førstekandidat tidlegare i år, skriv Avisa Oslo.
På andreplass er tidlegare finansbyråd Einar Wilhelmsen innstilt, etterfølgd av Eivind Trædal på tredjeplass.
– Det aller viktigaste no er å få til eit raudgrønt skifte. Oslo må ta leiartrøya tilbake i klimapolitikken, seier Bye til Aftenposten.
Ved førre lokalval gjekk MDG på eit stort nederlag i Oslo, der partiet gjekk ned med rundt 5 prosentpoeng og dei raudgrøne mista makta.
Trædal peikar på Framstegspartiet sin vekst i Oslo som ein viktig motivasjon.
– Det er nødvendig å mobilisere veljarar for å stoppe denne utviklinga, seier han.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #102195](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/Z66EECj9iVA.jpg)



0 kommentarer