Det offentleggjorde Norsk filminstitutt på ein pressekonferanse på Filmens hus i Oslo tysdag.
Spelefilmane «Lave forventninger» av Eivind Landsvik og «Markens grøde» av Hans Petter Moland var kortlista saman med klatredokumentaren «Trango» av Christopher Carvasal.
Skilje seg ut
Fellesnemnaren var at den norske Oscar-komiteen meinte alle filmane hadde «en god mulighet til å skille seg ut» i konkurransen om ein Oscar i kategorien for beste internasjonale film.
Vegen dit er lang. Først gjeld det å komme seg på kortlista til Oscar-akademiet på 15 filmar, som blir offentleggjort 15. desember. 21. januar blir det kunngjort kva fem filmar som blir nominerte i kategorien.
Då Joachim Triers «Affeksjonsverdi» vann Oscar som beste internasjonale film, hadde 92 land sendt inn bidraga sine. 86 av filmane blei godkjende som kvalifiserte av Oscar-akademiet. Ei rekke land har allereie Oscar-kandidatane sine klare, skriv Screen Daily.
Trier første norske vinnar
Sju norske filmar har ifølgje Filminstituttet vore nominerte i klassen beste internasjonale film, som tidlegare heitte beste ikkje-engelskspråklege film:
«Ni liv» (1958), «Veiviseren» (1988), «Søndagsengler» (1997), «Elling» (2002), «Kon-Tiki» (2013), «Verdens verste menneske» (2022) og altså «Affeksjonsverdi» (2026) – som gjekk heile vegen til siger.
Fakta om «Markens grøde»
* Regissør er Hans Petter Moland, som saman med Gard B. Eidsvold har skrive manuset basert på 1917-romanen som gav Knut Hamsun nobelprisen.
* – I nådelaus natur kjempar Isak og Inger for å skape eit liv saman. Med kjærleiken som drivkraft byggjer dei garden Sellanraa opp frå ingenting. Når ein mørk løyndom kjem til overflata, blir kjærleiken sett på prøve, heiter det om handlinga.
* Isak blir spelt av Herbert Nordrum, Inger av Asta Kamma August, medan Gard B. Eidsvold, Anders Baasmo og Sjur Vatne Brean er å sjå i andre roller.
* Kinopremiere: 30. oktober
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115175](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/YSeL_GA3LaY.jpg)



0 kommentarer