Mannen er sikta for å ha gjort overgrep mot ein mindreårig slektning. Han nektar straffskuld.
– Han erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvarar Nils Anders Grønås til Fædrelandsvennen.
Retten fann grunn til mistanke. I fengslingsvedtaket heiter det:
– Basert på ei heilskapsvurdering av det føreliggjande bevisbiletet reknar retten det likevel som meir sannsynleg at den sikta er skuldig enn ikkje skuldig etter siktinga.
Retten fryktar også bevisøydelegging dersom mannen blir sett fri.
– Etter rettens syn ligg det føre ein konkret og nærliggjande fare for at han vil forspilla bevis dersom han blir sett fri no, ved mellom anna å påverka forklaringa til fornærma eller vitne som politiet ikkje har fått avhøyrde enno, står det i rettsavgjerda.
Mannen får brev- og besøksforbod og blir isolert frå andre innsette dei to første vekene. Han forklarte seg ved hjelp av tolk i fengslingsmøtet, som varte i vel ein time.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #101480](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/FTO-Y0XFs4o.jpg)


0 kommentarer