KrF: Kongen var eit førebilete og eit anker for nasjonen

av | 28. august 2026 | 0 kommentarer

– Det er med stor sorg at heile landet i dag får beskjeden om kong Haralds bortgang, seier KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

KrF-leiaren sender kondolansane sine etter meldinga om døden til kongen.

– No går bønnene mine til dronninga og resten av kongefamilien. Kong Harald var eit førebilete og eit anker for nasjonen gjennom ei tid der Noreg og verda har vore i stor forandring. Han møtte menneske med varme og utviste ein djup kjærleik til landet sitt.

(©NPK)