Kong Haakon i open bil mot Stortinget

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Kong Haakon VIII kom køyrande i open bil frå Slottet, gjennom Karl Johans gate og mot Stortinget for å avleggje eiden sin.

Bilen er ein Lincoln Continental 1966 – den same som blei nytta då kronprins Harald gifta seg med kronprinsesse Sonja i 1966.

I 2001 blei han igjen brukt då kronprins Haakon gifta seg med kronprinsesse Mette-Marit.

Nedover Karl Johans gate er gata sperra med eit stort oppbod av politi, soldatar og skodelystne publikum. Alle flagga langs paradegata er fira på halv stong.

På Eidsvolls plass framfor Stortinget har hundrevis av menneske samla seg i samband med den historiske hendinga, som sist skjedde fire dagar etter kong Olavs død i januar 1991.

(©NPK)