Køen for studentbustader har krympa litt

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Dei siste vekene har 999 studentar til fått nøkkel til ein studentbustad. Dermed har ventekøen krympa til 6102.

Opphavleg var det 17.105 som stod i bustadkø 1. august.

Den lengste køen er det framleis i Oslo. Her ventar 1.828 på studentbustad.

Rett bak er studentar i Trondheim, der 1.808 står i bustadkø.

Samtidig er det fleire studiestader som kan varsle at alle studentane har fått ein stad å bu. Det gjeld Alta, Svalbard, Nesna, Evenstad, Rena, Kautokeino og Notodden.

– Av erfaring veit vi at ein del av dei som står i kø allereie har funne andre bustadløysingar, og at det vil løyse seg for fleire framover. Vi forventar at tala vil halde fram med å falle mot slutten av semesteret, seier bustaddirektør Håvard Staff Brenno i Studentsamskipnaden i Oslo (Sio) til NTB.

Likevel er det framleis eit stort behov. Sio planlegg byggjestart for 800 nye studentbustader i år, og har i tillegg fleire store prosjekt dei kommande åra.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar