– Etter varsel frå den franske leverandøren vår, SASU Pâturages Comtois (FR 70 002 001 CE), kallar Uhrenholt A/S tilbake 576 forbrukareiningar av Mon Ami Fransk Brie som eit førebyggjande tiltak, selt hos Coop Noreg, opplyser Uhrenholt A/S.
Kundar som har kjøpt det ramma produktet, blir oppmoda til ikkje å ete det, og til å kaste det eller levere det tilbake til butikken der det vart kjøpt.
– Det er ikkje påvist Listeria monocytogenes i produktet som blir kalla tilbake. Tilbakekallinga skjer som eit førebyggjande tiltak fordi produsenten, som ein del av sin eigenkontroll, har påvist Listeria monocytogenes i enkelte prøver frå same produksjon. I samarbeid med franske styresmakter har produsenten derfor vedteke å kalle tilbake produktet frå denne produksjonen, skriv Uhrenholt A/S i ei pressemelding.
Produktet det gjeld, er Mon Ami Fransk Brie 500 gram, med GTIN: 5704025024649, best før-dato 2. september 2026, og batchnummer: BFBP.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115805](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/JC_94z4QlOw.jpg)


0 kommentarer