Iran skuldar USA for angrep nær grensa til Irak

av | 29. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): USA har gått til angrep nordvest i Iran, nær grensa til Irak, ifølgje statlege iranske medium. Ingen personar skal vere såra.

– For få minutt sidan vart eit grenseområde i Piranshahr utsett for luftangrep frå den amerikanske fienden, melder statleg iransk TV onsdag ettermiddag.

Nyheitsbyrået Fars siterte kort tid tidlegare ein tenestemann i provinsen Vest-Aserbajdsjan som sa at ein rakett trefte eit aude område, og at ingen personar vart såra.

(©NPK)