Tidlegare i månaden vart det meldt om døde krepsar i Drammenselva, og Veterinærinstituttet kunne seinare konstatere at dei døde krepsane var smitta av krepsepest.
Det vart då innført eit forbod mot å krepse i området, og torsdag vart det fastsett ei restriksjonssone som omfattar kommunane Modum, Krødsherad, Drammen, Lier, Ringerike, Jevnaker, Hole, Øvre Eiker og Sigdal i Buskerud og Akershus.
Det finst store bestandar av edelkreps i kommunane. Fisket skulle etter planen starte 10. august.
Sjukdommen blir forårsaka av eggsporesoppen Aphanomyces astaci, som kan spreie seg både oppover og nedover i vassdrag.
Soppen blir spreidd til andre vassdrag via flytting av fisk eller kreps, eller når fiskeutstyr blir brukt i andre vassdrag utan å ha vorte desinfisert først.
Krepsepest kan ikkje smitte til menneske eller andre dyr, opplyser Mattilsynet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104401](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/Z7PAMX00UCY.jpg)



0 kommentarer