– Russland var involvert i droneangrepet mot Leipzig/Halle-flyplassen førre månad, seier den tyske innanriksministeren Alexander Dobrindt ifølgje Reuters.
Dronen vart funnen nær eit ukrainsk lastefly 4. august i Leipzig. Flyet vart brukt til frakt av militære forsyningar, og flyplassen vart mellombels stengd som følgje av hendinga. Flyplassen blir brukt som base av Nato og selskapet Antonov.
– Angrepet i Leipzig er eitt av Russlands hybride angrep i Europa, seier Dobrindt.
Tyske styresmakter reknar med at ei russisk etterretningsteneste stod bak dronen, ifølgje avisene Der Spiegel og Bild.
25. august uttalte forbundskanslar Friedrich Merz at gjerningspersonane skal «betale prisen» for angrepsforsøket, utan å seie noko om kven han meiner står bak.
Leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, seier ho skal diskutere droneangrepet med Natos generalsekretær Mark Rutte onsdag.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115274](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/LwiM5zMzQS4.jpg)

0 kommentarer