Klokka 16 blir båra til kong Harald V ført til Slottskapellet.
– Båra blir ført av kong Haralds barn og barnebarn i prosesjon gjennom Den gule salong, Speilsalen, Daglige spisesal, Lille festsal og Store festsal. Dronning Sonja er også i prosesjonen, som blir leidd av hoffsjefen til kongen, opplyser Kongehuset.
Hoffsjefen skal bere kongekrona på pute, medan leiar for Det kongelege sekretariatet ber rikssverdet. Andre medlemmer av leiinga i hoffet ber kong Haralds fremste norske, danske, svenske og britiske ordenar.
Båra skal stå i Slottskapellet fram til gravferdsdagen. Her inviterer ein alle som ønskjer det, til å gå sakte forbi båra for å ta farvel med den avdøde kongen – såkalla defilering.
Slottskapellet vil vere ope for defilering for publikum frå tysdag klokka 14 til dagen før gravferdsdagen klokka 18.
Båra blir sett på ein fløyelskledd katafalk. Kongekrona og rikssverdet blir plassert på båra, medan ordenane blir plasserte ved fotenden til båra. Kadettar frå Forsvarets tre krigsskular skal stå æresvakt rundt båra i Slottskapellet.
Det same ritualet med overføring av båra blei gjennomført også ved kong Olav Vs bortgang i 1991.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #114599](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/iEZ6a7jaQ0U.jpg)



0 kommentarer