Heile folket blir invitert til å skriva ei siste helsing

av | 28. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Over heile landet blir det no lagt ut kondolanseprotokollar. Alle som vil, kan skriva ei helsing i samband med bortgangen til kong Harald.

Mange har allereie gjort det, ikkje minst i den elektroniske protokollen som kongehuset har lagt ut.

– «I dag døde en del av Norge». Det sa tolvåringen min i dag, lyder ei av helsingane.

I tillegg skal det altså leggjast ut kondolanseprotokoll på rådhuset i alle kommunane i landet.

– I større kommunar kan ordføraren vurdera om det bør leggjast ut fleire stader, skriv Statsministerens kontor i ei pressemelding.

I Oslo rådhus kjem ordføraren i byen Anne Lindboe og byrådsleiar Eirik Lae Solberg til å signera protokollen laurdag morgon klokka 10.

Også i kyrkjene rundt om i landet blir det mogleg å skriva ei siste helsing. Til dømes skal Nidarosdomen i Trondheim fram mot gravferda halda kyrkja open kvar dag frå klokka 8 til 20 for dei som ønskjer å skriva noko i kondolanseprotokollen der.

Like etter det ekstraordinære statsrådet på Slottet i formiddag var statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) den første til å skriva ei helsing i protokollen på Slottet. Deretter følgde resten av regjeringa.

(©NPK)