Google får gigantbot frå EU for regelbrot

av | 23. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB–NPK): EU-kommisjonen gir Google bøter på totalt 890 millionar euro, mellom anna for ulovleg favorisering av eigne tenester.

Beløpet svarer til over 8,5 milliardar kroner etter dagens kurs.

Den eine bota får dei fordi EU meiner dei har ulovleg favorisert Googles eigne tenester som til dømes Google Flights eller Google Hotels, framfor å framheva alternativa til konkurrentane.

Den andre halvdelen av summen må dei betala fordi EU meiner Google ikkje tillét apputviklarane å visa kundane tilbod gratis utanfor Google Play.

– Dette er ikkje rettferdig konkurranse. Det er ei svekking av produkta drive av ei lita gruppe klagarar som berre tenkjer på sitt eige beste, der europeiske bedrifter og forbrukarar må ta støyten. Regulering bør forbetra produkta, ikkje gjera dei dårlegare, seier Google i ei fråsegn.

Google seier dei vurderer å ta saka til retten for å utfordra EU-kommisjonens avgjerd.

Bøtene kan auka spenninga mellom Brussel og Washington i striden om regulering av dei amerikanske tek-gigantane.

(©NPK)