Frankrike innfører avgift på «ultra-rask mote»

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Snart vil nye avgifter på såkalla ultra-fast fashion kunne komme opp i nesten 20 euro per klesplagg i Frankrike.

Frå tysdag innfører Frankrike ei eiga avgift på denne kategorien fast fashion. Tiltaket rettar seg mot store asiatiske nettbaserte aktørar, blant dei selskapa Shein, Temu og AliExpress, som har eksplodert i Frankrike dei siste åra.

Avgifta følgjer lovgiving vedteken av det franske parlamentet i juni for å regulere selskap som sel slike varer. Ifølgje lovgivinga blir ultra-fast fashion definert av to kriterium: volumet av klede som blir lagt ut på marknaden og kostnaden for å reparere plagg i forhold til kjøpsprisen. Avgifta per plagg vil variere etter ein fastsett skala basert på korleis kvart produkt oppfyller kriteria.

Franske styremakter har tidlegare gitt uttrykk for at dei reknar Shein, Temu og AliExpress som dei viktigaste drivarane bak veksten i ultra-fast fashion.

12 euro i avgift på jakker

Allereie frå i år må slike selskap betale avgifter, eksempelvis 50 cent for undertøy, 2 euro for T-skjorter, 9 euro for olabukser og 12 euro for ei jakke.

Avgifta kan auke til så mykje som 19,5 euro eller vel 200 kroner per plagg innan 2030, men taket er sett til 50 prosent av prisen på produktet før skatt.

Fast fashion-omgrepet beskriv både ein forretningsmodell og kleda som blir produserte gjennom denne modellen. Den blir kjenneteikna av store volum, global handel og raske endringar, skriv Store norske leksikon.

(©NPK)