Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) består av dei øvste religiøse leiarane og livssynsleiarane i Noreg. Dei deler kven som vil delta i gravferda:
– Det er ei ære å få vera med å ta avskil med Hans Majestet Kong Harald. Han har betydd mykje for livssynsmangfaldet i Noreg, seier generalsekretær Birte Nordahl.
STLs liste viser at mange religionar og livssyn vil vera til stades under gravferda. Mellom anna islam, buddhisme, jødedommen og Human-etisk forbund.
Norges Kristne Råd vil også senda ei rekkje leiarar frå ulike grupperingar og greinar innan kristendommen.
– Me set stor pris på å bli inviterte. Det er mange omsyn å ta, og mange som skal representerast ved eit høve som dette. At Norges Kristne Råd er blant dei, opplever me som stort, og det betyr mykje for oss, seier generalsekretær Henrik Erhard Hermansen.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116711 Rcaltv4jveg](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/RCAltv4Jveg.jpg)



0 kommentarer