Ifølgje leiaren for Nepals krisehandteringsstyresmakter, Dharma Raj Upreti, trengst det med ein gong rundt ein halv milliard kroner for å reparere vegar og bruer, og dessutan sørgje for drikkevatn, straum og mellombelse bustader til dei mange som vart ramma.
FNs kontor i Nepal bad fredag om 50 millionar dollar for å hjelpe rundt 84.000 menneske og åtvarar om at vinteren no nærmar seg raskt i fjellandet.
– Tida jobbar mot dei. For dei som overlevde, har flaumen teke nesten alt som gjorde dagleglivet mogleg, heiter det i ei fråsegn.
Nærare 1300 menneske er stadfesta døde etter flaumen i Nepal, medan over 5000 er melde sakna. Ifølgje statlege kinesiske medium er 31 stadfesta døde og 531 sakna i Tibet.
Rundt 20.000 hus i Nepal vart ifølgje Upreti øydelagde i flaumen, og minst 7500 av dei vart totalskadde.
Ein isbre som kollapsa 26. august, sende ein flaum av is, stein og gjørme ned Trishuli-elva på grensa mellom Nepal og Tibet. Dei store vassmassane smadra byar og landsbyar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116748 Pnraopzslyy](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/pNraopZsLyY.jpg)



0 kommentarer