Ferjeturistar skal få skogbrannopplæring

av | 28. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Brannvesenet er bekymra for turistane etter fleire skogbrannar og stor skogbrannfare i Agder dei siste vekene. No skal både Color Line og Fjord Line lære opp turistane på veg til Kristiansand.

– Turistar som kjem til Kristiansand gjennom Color Line og Fjord Line, skal no få informasjon om bord om at det er totalt brannforbod. Dette vil ha mykje å seie så lenge vi er i den situasjonen vi er i, seier brannsjef Jan Røilid i Kristiansandsregionen brann og redning (KBR) til Fædrelandsvennen.

Både Color Line og Fjord Line stadfestar at brannforbodet skal bli opplyst om på norsk, engelsk og tysk på digitale flater om bord.

I løpet av førre veke vart det meldt om mellom ti og tolv terreng- og skogbrannar i Agder, ifølgje avisa. Brannsjefen er bekymra for at fleire av turistane tenner opp bål i naturen i staden for å besøkje dei ordinære campingplassane.

– Ein skulle tru at tilstrøymande europearar hadde meir kunnskap om situasjonen rundt brannfaren, spesielt når vi ser omfanget av brannen som går føre seg til dømes i Frankrike. Det er for mange som ikkje er klar over brannforbodet, meiner Røilid.

(©NPK)