(NTB-NPK): E16 Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen vart i 12-tida opna igjen etter ein kollisjon mellom eit vogntog og ein personbil natt til torsdag. Ein mann i 20-åra omkom i ulykka.
– Open for fri ferdsel etter eit trafikkuhell, skriv Vegtrafikksentralen vest i ei oppdatering på X like etter klokka 12 torsdag ettermiddag.
Nødetatane melde om den alvorlege ulykka rundt klokka 1.45 natt til torsdag. Vegen vart stengd i begge retningar, med omkøyring via Hardangervidda.
Føraren av personbilen, ein mann i 20-åra frå Voss, vart sett til av helsepersonell på staden etter å ha vorte frigjord, men livet stod ikkje til å redde. Dei pårørande er varsla, opplyser politiet.
– Ut frå dei opplysningane som ligg føre i saka, er det mistanke om at personbilen kom over i motgåande køyrefelt. Det var våt vegbane og mørkt då ulykka skjedde, skriv politiadvokat Margrete Jodleik Degvold-Jonstad i ei pressemelding.
Det er vedteke å gjennomføre obduksjon av avdøde.
Føraren av lastebilen vart ikkje fysisk skadd. Han vart avhøyrd på staden.
– Det er ikkje mistanke om at føraren av vogntoget har køyrt i ruspåverka tilstand, seier politiadvokaten.
Både ulykkesgruppa frå Statens vegvesen og kriminalteknikarar frå politiet har vore på staden for å undersøkje ulykka.
Det kommunale kriseteamet i Voss skal følgje opp saka.
(©NPK)


0 kommentarer